Hopp til innhold

Stansa sal av sjukehuset

Ein telefon frå fornyingsminister Heidi Grande Røys stoppa salet av nærsjukehuset i Florø.

Heidi Grande Røys
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Då ho vart gjort merksam på salet ringde ho helseminister Bjarne Håkon Hanssen for å protestere. Deretter overprøvde helseministeren styrevedtaket til Helse Førde.

– Lov å seie frå

Dette er nok eit døme på at sentrale politikarar frå fylket grip inn for å overprøve styrevedtak i Helse Førde.

Men Grande Røys seier at det må vere lov å blande seg inn.

Nærsjukehuset i Florø

Sjukehusbygningane i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Ja, det legg eg ikkje skjul på: Mellom anna ringde eg Bjarne Håkon Hanssen frå Island då eg las på NRK Sogn og Fjordane på mobilen min om at det var snakk om sal av sjukehusbygningen. Det salet vart stansa av helseministeren etter at eg tok den telefonen.

Helse Førde som er i ein desperat økonomisk situasjon ville i vår selje sjukehusbygningen i statsråden sin heimkommune Flora for å spare sju millionar i året.

Grande Røys meiner vedtaket var så uakseptabelt at styrevedtaket måtte overprøvast.

- Bort i natta

– Den gongen refererte eg berre det som stod på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane, og at eg var kjend med at Flora kommune var inne i biletet i forhold til vidare bruk av huset, og eg meinte det var ville vere rett og slett bort i natta. Det var han samd i, og difor vart salet stoppa.

Seinast torsdag var Lærdal sjukehus tema i regjeringslunsjen fordi senterpartileiar Liv Signe Navarsete var uroa for overvakingsavdelinga.

– Vel mange helsestatsrådar

Styreleiar i Helse Førde Clara Øberg meiner det byrjar å bli vel mange helsestatsrådar i Sogn og Fjordane.

– Det blir veldig vanskeleg for styret å gjere eit arbeid dersom det spreier seg ute blant folk at det ikkje er så nøye kva styret vedtek. Vi berre går til vår minister, så blir det nok ordna. Den haldninga har spreidd seg i Sogn og Fjordane, og det gjer at integriteten til styret blir svekt, og det blir veldig vanskeleg å drive styrearbeid i Helse Førde.

Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Helseminister Bjarne Håkon Hanssen ville ikkje kommentere saka torsdag, men seier via departementet at omsynet til samhandlingsreformen gjorde at sjukehuset ikkje kunne seljast.