Hopp til innhold

Emil (9): - Det var veldig vondt

Emil Jakob Valsvik (9) opplevde sinn livs mest dramatiske kveld torsdag. I nesten tre timar sat han fast i ein vakuumsugar i badebassenget i Høyanger.

Emil Jakob Valsvik Offerdal
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Med vatn opp til halsen, og handa fastlåst, venta niåringen medan femten menn jobba med å få han laus .

- Eg vart berre sugd inn av ein slik sugeting. Eg sat bomfast, og det var veldig vondt. Eg vart tjukkare og tjukkare i hendene, og det vart trongare og trongare.

Leik og moro i Høyangerbassenget saman med bestefar Bjørn Tore Valsvik vart ei vond oppleving for ni år gamle Emil.

Under den kvite bandasjen kjem ei mørkeraud og svært opphovna hand til syne. I går var den blå fortel Emil, som har problem med å bøye dei tjukke fingrane.

Prøvde olje og såpe

Høyanger terapibasseng

Holet Emil sette seg fast i. Han måtte bli meisla laus.

Foto: Steinar Lote / NRK

Med den friske handa viser Emil korleis vatnet først rakk han opp til halsen, men etter at brannmannskapet kom til fekk dei pumpa ut noko av vatnet.

Bassenget var gjort reint tidlegare på dagen, men pumpesystemet som ein brukte var ikkje blitt skrudd av, og proppane som skal dekke røra var ikkje komne på plass. Så handa til Emil vart sitjande fast, og ingenting hjelpte seier bestefar Bjørn Tore Valsvik

- Det var skremmande. Han sat jo fast. Vi prøvde fleire gonger med å sprøyte inn olje og såpe og litt forskjellig. Men det var ikkje hjelp i å vri handa eller noko. Når vi fekk ut handa var ho dobbelt så tjukk og mørkeblå.

Meisla laus

Emil og bestefaren skjønte raskt at her måtte dei få hjelp, og Brannmannskap og ambulanse kom til for å hjelpe. I tre timar sat Emil på fanget til bestefar medan handa vert meir og meir hoven. Røret som er knappe 7 cm breitt er omringa av betong, og opp mot 15 mann brukte hammar og handemakt for å få meisla Emil laus.

- Eg trur ikkje han kunne sete der i meir enn ein time til før det hadde vorte heilt sirkulasjonsstopp i handa, seier bestefaren.

Då Emil Jakob var laus, køyrde bestefaren han til sjukehuset i Førde for undersøking. Her konstaterte legen at handa ikkje var skadd.

Medan Emil studerer det vesle røret som satt klemt rundt handa hans er bestefaren meir oppteken av at det heile enda godt.

- Tenk om det hadde vore nokre bittesmå ungar der. Dei kunne fått heile armen inn i holet. Det kunne vore verre.

Terapibadet i Høyanger

Brannvesenet tappa ned bassenget for at det skulle blie lettare å arbeide, og meir behageleg for Emil.

Foto: Steinar Lote / NRK

Mangla ein propp

Valsvik meiner dei ansvarlege bør skjerpe seg. Bygg og eigedomssjef i Høyanger kommune, Tore Austreim stadfestar at ikkje alt var som det skulle i Høyangerbadet i går. Han seier nokre proppar som skal forhindre folk i å stikke hendene inn mangla.

Valsvik har fått ei orsaking frå vaktmeisteren og.

- Bademeisteren ringde og sa seg lei for det som skjedde. Vi får vere nøgd med at gutungen er i live. Men som han sa, kanskje han skal få lov å bade gratis resten av livet.