Biskopen iretteset Saltkjel

Biskop Halvor Nordhaug meiner sokneprest Mari Salkjel i Hornindal driv med dårleg rettleiing når ho tek til orde for at ekteskapsløftet er forelda.
Publisert 04.08.2009 15:18.
- Kommentarer
- Skriv ut
Mari Saltkjel meiner det livslange ekteskapsløftet har gått ut på dato, og at kyrkja må opne augene for det som er røyndomen i dag.
– Dårleg rettleiing
Men biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin, som er hennar overordna, likar slett ikkje at ho gir uttrykk for ei slik haldning. Han sr detter dårleg rettleiing, og at det ikkje er representativt for kyrkja sitt syn.
– Kyrkja skal vere open for alle, også for dei som ikkje har greidd å leve saman til døden skil dei åt. Men eg meiner det er ein dårleg idé å avvikle ekteskapsløftet i den forma det har no.
– Sjølv om 50 prosent bryt dette løftet?
– Ja, nettopp fordi 50 prosent bryt løftet. I staden for at kyrkja skal justere seg etter røyndomen synest eg at kyrkja må prøve å justere røyndomen.

– Meiner du at Mari Saltkjel justerer teologien etter røyndomen?
– For defensivt
– Eg meiner ho tenkjer for defensivt om kva det betyr å ha avlagt ein lovnad og om det som skjer i kyrkja. Men eg deler hennar engasjement for å ta vare på dei som ikkje lukkast i sine ekteskap.
Nordhaug samanliknar ekteskapsløftet med det å snyte på skatten.
– Snyte på skatten
– Det er vel ingen som vil seie at det å snyte på skatten er greit fordi det er mange som gjer det..
– Er det greitt for deg som biskop å ha ein prest som har så kontroversielle meiningar?
– Ikkje glad for utspelet
– Eg er samd med henne i at vi bør ha ein diskusjon om det som har med seksualitet og samliv å gjere, og at ting endrar seg er det ikkje tvil om. Bispemøtet som eg sit i skal sette ned eit utval som skal utgreie dette. Men eg er ikkje glad for at ho tek til motmæle mot at ekteskapsløftet skal vere livslangt. Eg synest det er å gje dårleg rettleiing inn i ei tid som etter mi tid treng hjelp og rettleiing.
– Vil du kalle henne inn på teppet?
– Ikkje representativt
– Nei, eg har ikkje tenkt å føreta med noko disiplinært, men no har eg ein samtale med Mari Saltkjel der eg gir tydeleg til kjenne at eg tenkjer annleis enn henne og at hennar syn heller ikkje er representativt for det kyrkja står for. I liturgien står det at ekteskapsløftet er meint å vere livslang.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
11/02 (15 cm) |
| Sogndal Hodlekve |
|
17/03 (15 cm) |
| Jølster |
|
18/03 (10 cm) |
| Harpefossen |
|
17/03 (15 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
16/03 (20 cm) |
| Stryn |
|
17/03 (40 cm) |
| Sunnfjord |
|
16/03 (20 cm) |











Wolff imponerer i senior-EM
Her proppar isen seg