Hopp til innhold

Sogne-reunion på Målrock

Ei supergruppe med mellom andre tre frå startbesetningen i Lava skal framføre Eagles-musikk på sognamål på Målrock i Årdal.

Olav Stedje og hans mangeårige makker Svein Dag Hauge.
Foto: K&U / K&U

Med Olav Stedje som ein av vokalistane er og den legendariske sogndalsgruppa Compact representert i Meieriparken på Årdalstangen komande laurdag kveld.

Hotell Kaldehola

Ei rekkje Eagles-songar er oversette til dialekt og nynorsk, mellom anna er Hotel California blitt til Hotell Kaldehola.

Øyvind Lægreid

Øyvind Lægreid

Foto: Privat

Øyvind Lægreid frå Årdalstangen er ein av initiativtakarane til Eagles på norsk , og han har omsett fire av dei 12 tekstane.

– Rekande på ei fjøl

– Idéen kom vel rekande på ei fjøl. Det var tilfeldig at Kjell Hestetun og eg tok til å sysle med den for eitt års tid sidan, og så har det balla på seg etter kvart.

Og no har dei samla det som må kallast ei supergruppe med sogningar.

Olav Stedje og Lava-medlemmer

Gruppa er samansett av Olav Stedje på vokal, Svein Dag Hauge på gitar, Per Hillestad på perkusjon, Inge Ronny Årøy på gitar, Bjørn Tore Årøy på tangentar, Nils Einar Vinjor på gitar, Reidar Skår på tangentar, Øyvind Lægreid på trommer, Kjell Hestetun på bass, Monica Hjelle på vokal og kor samt koristane Julie Ervik og Ingebjørg Eik.

Per Hillestad

Per Hillestad er ein av tre Lava-medlemmer som er med i Eagles på norsk.

Foto: Privat

– Korleis passar dette inn på Målrock ?

– Målrock rette arenaen

– Eg meiner Målrock må vere absolutt rette arenaen for denne typen prosjekt. Målrock-folka beit på idéen med ein gong. Dei var veldig entusiastiske og sa vel eigentleg ja før vi hadde fått spurt. Og vi kan vel seie at vi er med på å oppretthalde det opphavelege konseptet for Målrock.

Første fellesøvinga fredag

– Kor mykje øving er det blitt på dykk?

– Nei, vi er jo så spreidde, dei fleste bur utanfor Årdal, det er berre Kjell Hestetun og eg som bur i bygda no, og mange av dei andre er profesjonelle musikarar med mange oppdrag.

– Difor har det vore umogeleg å få samle alle. Vi greidde å samle fem i juni og hadde ein god ngjennomgang på koringa mellom anna, men første gongen alle får øve samstundes blir no på fredag.

– Ikkje så nervøs

– Det høyrest nok litt skummelt ut, men vi veit at dette er røynde folk som fiksar det greit, trur eg. Og det har vore hyppig kontakt på mail og telefon mellom dei ulke musikarane, så eg er eigentleg ikkje så nervøs. Men vi må ha ei god øving fredag.