Hopp til innhold

Vêrradar på Stad snart ferdig

Meterologisk institutt er no i ferd med å installere den etterlengta vêrradaren på Stad.

Bygging av vêrradar på Stad

Vêrradaren på Stad er snart ferdigbygd.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I følgje seksjonsleiar Jørgen Togstad, reknar dei med at radaren kan vere i drift i løpet av kort tid.

– No har vi kome så langt at det tekniske utstyret blir installert i tårnet. Vi reknar med at mykje er på plass innan slutten av veka, fortel han.

Usemje

Men vegen dit har vore lang. Det var lenge usemje mellom turistnæringa og meterologisk institutt om plasseringa av vêrradaren.

I Fiskarlaget har dei lenge kjempa for å få på plass ein vêrradar som kan dekkje det vêrharde Stad-havet.

Fylkesleiar i Fiskarlaget, Jarl Magne Silden, seier dette vil gjere kvardagen tryggare for dei som trafikkerer kysten.

Stadhavet

Fiskarlaget har lenge etterlyst ein vêrradar som kan dekkje havet utanfor Stad.

Foto: Torje Bellaas / NRK

Viktig radar

– Det vil vere veldig positivt å få den på plass. Sikker vêrdata har mykje å sei for ferdsel på havet, spesielt på ein så utsett plass som havet utanfor Stad, fortel Silden.

Togstad i Meterologisk institutt seier at radaren vil vere i drift i løpet av hausten.

– Når det tekniske utstyret er på plass, vil det vere ein testperiode der vi sjekkar kvaliteten. Eg tenkjer at vi vil byrje å drifte radaren for fullt i byrjinga av oktober, seier han.