Hopp til innhold

Reiser heim grunna svineinfluensa

Jentelaget frå Gaular i Sogn og Fjordane reiser no heim frå Norway Cup grunna svineinfluensautbrot i laget.

Svineinfluensa på Norway Cup

Illustrasjonsbilete: Feltsjukehuset på Ekebergssletta.

Foto: Karl Erik Brøndbo / NRK

Måndag vart ein av spelarane på laget testa for svineinfluensa, og prøvene var positive. Ho vart då plassert i isolat.

No har to andre jenter på fotballaget symptom på sjukdomen, og feltlegen på fotballarrangementet seier det einaste rette er å reise heim.

– Vi har vore så uheldige at vi har fått svineinfluensa i troppen. Jentene har jo levd tett på kvarandre, og når to til fekk influensasymptom, sa legen at vi skulle kjøpe Tamiflu og reise heim att, fortel lagleiar John Kenneth Bjørvik.

Jentene på laget er 15 og 16 år gamle.

Berre tidsspørmål

– Alle legar vi har prata med seier at det berre er eit tidsspørsmål før fleire enn dei tre blir smitta, og at det mest fornuftige er at vi set oss på bussen og reiser heim att, seier Bjørvik.

Gaular skulle eigentleg ha spelt kamp i B-sluttspelet klokka 15.20 onsdag.

Han seier at jentene tar nyhendene med fatning.

– Dei er vaksne og fornuftige jenter. Det er klart at dei tykkjer det er veldig trist, men dei har fått kosa seg i tre dagar på Ekebergssletta, så vi får sjå det positive i situasjonen, seier lagleiaren.

Jenta som sit i isolat vert henta av familien seinare i veka. Bjørvik seier ho føler seg frisk og rask.

– Ingen grunn til bekymring

Kommunelege i Gaular, Olav Furnes, er ikkje bekymra for jentelaget.

Dei som kjem med bussen bør halde seg i ro i eit par dagar slik at ein finn ut om dei er smitta. Om dei får feber og sår hals bør dei ringe legekontoret, så skal vi vurdere å gje Tamiflu, seier Furnes.

Han undrar på kvifor denne sjukdommen får så mykje merksemd.

– Det er umogleg å rømme frå denne situasjonen, og vi kjem oss gjennom den. Det er ingen grunn til å vere meir bekymra enn ved ein vanleg influensaepidemi. Folk flest taklar det heilt fint, medan dei som er litt svekka grunna til dømes kroniske sjukdommar, kan kanskje få problem, seier kommunelegen.

LES ÓG: Svineinfluensa i Sogndal