10.02.2012

Over 300.000 til fotballen i Eid

The Soundtrack of Our Lives på Malakoff (Foto: Heidi Fagna)

Gruppa 'The Soundtrack of Our Lives' på årets Malakoff-festival.

Foto: Heidi Fagna

Festivalcampen under Malakoff Rockfestival gjev store inntekter til fotballen i Eid.

Fotballgruppa hadde ansvaret for campen som hadde 2200 gjestar i løpet av festivalen.

LES ÓG: Publikumsrekord på Malakoff

– Det var veldig kjekt, og veldig travelt. Vi hadde tre gongar så mange besøkjande som venta, seier Stein Inge Strøm i Eid idrettslag.

Halv million i omsetnad

Totalt vart omsetnaden for fotballgruppa over ein halv million kroner.

– Nettoinntekta vart vel ein stad mellom 300.000 og 400.000 kroner. Det er viktig for oss, for vi har mange medlemmar, og ynskjer å ha breidde i organisasjonen, seier Strøm.

Vil utvide

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal ved Malakoff-festivalen er godt nøgd med at fotballen tener pengar på festivalen.

– Det er veldig fint at vi får hjelp til ein del arbeidsoppgåver, samtidig som frivillege organisasjonar tener seg litt pengar, fortel han.

Fram til neste år er overnattingsopplegget noko arrangørane lovar å finpusse.

– Vi vil no arbeide med å utvide overnattingscampen slik at vi kan ta imot fleire folk. For eg trur ikkje det blir færre av dei neste år, seier Naustdal.