10.02.2012

Publikumsrekord på Malakoff

Folkeliv på Malakoff-festivalen (Foto: Heidi Fagna)

Heile 11.000 personar var innom Malakoff Rockfestival i helga. Det er ny rekord og kring tusen fleire enn fjorårets rekord.

Med namn som Soundtrack Of Our Lives og Kaizers Orchestra fredag og Motorpsycho, Ulf Lundell og Turboneger dagen, var rockefestivalen på Nordfjordeid uansett sikra eit stort publikum.

Les: – Magisk stemning på Malakoff

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal vedgår at han likevel er litt overraska over at dei klarte å slå den forrige rekorden på 10.000 personar.

- Det er jo kjekt. Det har vore ei fantastisk stemning på festivalområdet og i gatene i Eid i heile helga. Det var og kjekt å sjå at dei tidlege konsertane samla mykje folk, seier han.

På grunn av den store tilstrøyminga av publikum måtte festivalcampen utvidast heile fire gonger for å få plass til dei kring 2000 personane som budde der.

- Det var stor stemning, men litt meir folk enn vi hadde rekna med, forklarar Naustdal.

Sjå biletgalleri frå konsertane på fredag: Malakoff Rockfestival i bilete