10.02.2012

– Magisk stemning på Malakoff

Kaizers Orchestra på Malakoff (Foto: Heidi Fagna)

Vokalist Janove Ottesen, og resten av Kaizers Orchestra, leverte sterkt under fredagens konstert på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid.

Foto: Heidi Fagna

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er strålande fornøgd med fredagen på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

– Det var den beste fredagen vi har hatt nokonsinne her på Malakoff. Det var rett og slett magisk stemning, fortel han.

Han seier at over 5.000 var innom festivalen på fredag.

– Vi ventar mange fleire på laurdag, seier festivalsjefen.

Sjå biletgalleriet vårt frå Malakoff-festivalen til venstre i artikkelen!

Høgdepunkt

Han tykkjer alle konsertane levde opp til forventningane, men han trekkjer fram Kaizers Orchestra som eit høgdepunkt.

– Dei leverer alltid. The Soundtrack of Our Lives var óg veldig gode. Tommy Tokyo & Starving For My Gravy spelte rett nok veldig tidleg, men vi har fått mange positive tilbakemeldingar på dei, fortel festivalsjefen.

Han fortel at politiet er svært godt nøgd med gjennomføringa av festivalen hittil.

– Vi hadde ein dialog etter alt var ferdig fredag, og politiet var veldig godt nøgde. Det var ingenting av alvorleg grad som oppstod. Stemninga var rett og slett svært god, fortel Naustdal.