10.02.2012

Slepp ikkje inn på kyrkjegarden

Kyrkjegarden på Borgund i Lærdal. (Foto: Brit Romsbotn)

Dette skiltet møter turistar som ønskjer å besøke kyrkjegarden ved Borgund stavkyrkje.

Foto: Brit Romsbotn

Berre bygdefolket og ingen turistar slepp inn på kyrkjegarden ved Borgund Stavkyrkje i Lærdal.

- Dette er ikkje spesielt gjestfritt, seier Britt Romsbotn, som er på ferie i Sogn saman med resten av familien.

- Veldig spesielt

Då familien kom til gravplassen stod det eit skilt om at det er inngang berre for bygdefolk.

- Kva synest du om at de ikkje fekk kome inn på kyrkjegarden?

- Eg synest det var veldig spesielt. Eg har aldri før opplevd å vorte nekta å gå inn på ein kyrkjegard, seier ho.

Negativ overrasking

Men Familien fekk seg fleire negativa overraskingar.

- Vi hadde tenkt oss ein tur bort for å sjå på stavkyrkja. Men så kom vi til eit skilt der det stod at vi måtte betale 70 kroner for å sjå på kyrkja. Vi har statskyrkje i Norge og eg kan ikkje forstå at det skal koste pengar for å sjå på ei kyrkje frå utsida, seier Romsbotn.

Avviser kritikken

Organisjasjonssjef i Fortidsminneforeininga, Fredrik Monclair, støttar praksisen ved Borgund stavkyrkje.

- Dette er ein 850 år gammal trebygning og av dei mange som vitjar stavkyrkja oppfører langt dei fleste seg bra. Men det er dessverre slik at enkelte gjer noko som er farleg for kyrkja. Enkelte let borna klatre rundt og andre røykjer heilt inn til stavkyrkja. Difor har vi innført ordninga der folk må løyse billett for å få kome inn til kyrkja. Dermed har vi betre kontroll.

- Kvifor får berre bygdefolk gå inn på gravplassen?

- Om lag 80.000 vitjar kyrkjeområdet kvart år. Det blir for mykje slitasje for den vesle kyrkjegarden, seier han.