Hopp til innhold

Høglytt krangel under cupkampen

Det blei høglytt krangel då medlemmer frå Saftkokaradn ikkje ville setje seg i kampen mot Ålesund i går.

Saftkokaradn på Fosshaugane Campus

Illustrasjonsfoto

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Medlemmer frå Saftkokaradn hamna i høglytt krangel med anna publikum om kvar dei skulle sitte under cupkampen mot Ålesund i går.

Fekk ikkje sjå skikkeleg

Det var 3500 tilskodarar på Fosshaugane i går, men på den eine langsida var det langt frå hjarteleg stemning.

Saftkokardn stilte seg opp på sittetribuna på ei av langsidene heilt nede ved bana, og nekta å setje seg ned. Det førte til at dei som sat bak ikkje fekk sjå skikkeleg.

Resultatet vart høglytt kjefting mellom representantar frå Saftkokaradne og vanlege publikumarar. Sjølv etter oppmodingar over høgtalaranlegget, nekta fleire av medlemmene i Saftkokaradn å setje seg ned.

- Sogndal Fotball må ta ansvar

Leiar for Saftkokaradn, Geir Frode Lunden, meiner Sogndal Fotball må ta ansvar for det som skjedde.

- Det er ein naturleg reaksjon på ei mildt sagt litt klønete organisering frå Sogndal Fotball si side, seier Lunden.

Men kvifor måtte de stå når folk bak ikkje såg noko som helst?

- Vi høyrte at vi blei oppmoda om å setje oss ned, i forhold til reglane Fotballforbundet har på sine arena, og kom i kontakt med arrangementsjefen i pausen og prøvde å løyse situasjonen.

Fosshaugane Campus
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Har brote alt samarbeid

Det er framleis ein isfront mellom Saftkokardn og Sogndal Fotball, etter at dei braut samarbeidet tidlegare i år. Usemje om billettpris og skilje mellom heime- og bortesupporterar er noko av årsaka til brotet. Dette såg ein tydeleg under kampen mot Ålesund i går.

Lunden vedgår at dei har brote alt samarbeid med Sogndal Fotball.

- Vi har avslutta samarbeidet med Sogndal fotball, i alle fall denne sesongen. Kva framtida vil bringe veit eg ikkje, men eg håpar vi kan kome tilbake i dialog med Sogndal Fotball.

- Svært uheldig

Lunden meiner situasjoen er uheldig.

- I ei lita bygd som Sogndal, og i ei så liten klubb som både Sogndal og Saftkokaradn er, synest vi det er svært uheldig.

Men må ikkje de også ta sjølvkritikk, og kome leiinga i klubben i møte?

- Eg har vore representant på kakampmøter på Fosshaugane og heile vegen påpeikt plassering på tribuna. Eg har kome i dialog med kampdelegatane i Fotballforbudet, men til sjuande og sist har vi stort sett ikkje blitt høyrde.

Ingen frå leiinga i Sogndal Fotball vil kommentere kritikken frå Saftkokaradn.