26.05.2012

Avventar bruk av helikopter

Brunbjørn (Foto: Illustrasjonsfoto: Arne Nævra/Scanpix)

Statens Naturoppsyn vil avvente bruken av helikopter i bjørnejakta. Dette skuffar saueeigarane i Luster.

Leiar i sankelaget i Jostedalen, Arne Bjørk, meiner avgjerda er kritikkverdig.

- Eg er svært skuffa over SNO. Dei er staten sitt organ her, og dei har midlar og jegerar. Vi står her som, i bjørnesamanheng, nokre amatørar, og dei ønskjer ikkje å hjelpe. Det tykkjer eg er særs kritikkverdig, seier Bjørk.

Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn meiner det ikkje er naudsynt med eit helikopter når ein kan finne spor på eiga hand. Han viser òg til at det er det lokale fellingslaget som styrer jakta, og at dei difor foreløpig held seg i bakgrunnen.

- Foreløpig overlet vi dette til det lokale fellingslaget, og så får vi sjå etterkvart, korleis dette utviklar seg. Dette dyret kan forsvinne utruleg langt på kort tid, dersom det bestem seg.

Jaktlaget i Luster er no permitert, etter fire dagar med resultatlaus leiting. No må bjørnen sjølv gje seg til kjenne, ved at ein finn kadaver, ser han, eller finn spor.