Slo løyperekorden på Storehesten

John Mnangat Sompol spring inn til siger.
Foto: Eirin Aardal/NRKKenyanaren John Mnangat Sompol vann laurdag motbakkkeløpet Storehesten Opp.
Publisert 27.06.2009 17:17.
- Skriv ut
21-åringen sette også ny løyperekord med tida 1.04.24.
- Dette er nesten to minutt betre enn Jon Tvedt sin utrulege rekord for eit par år sidan, seier arrangementsjef Helge Kårstad.
Storehesten og Storehesten Opp
Foto: Ottar Starheim/NRK- Også kalla Kvamshesten
- Er namnet på det meste markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord
- 1209 meter høgt
- Frå toppen kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen.
- I 2006 vart for første gong motbakkeløpet Storehesten Opp arrangert.
- Løpet har både konkurransedeltakarar, mosjonistar og funksjonshemma.
Kjelde: storehestenopp.no
Vann 20.000 kroner
Dermed vart kenyanaren 20.000 kroner rikaren. Halvparten av premien er for 1. plassen og den andre halvparten for løyperekorden.
Sompol er ein av fleire løparar frå Kenya som er med i eit prosjekt for å hjelpe gateborn.
- Ein del av pengepremien går til dette prosjektet han jobbar for, seier Kårstad.
Helgheim best blant kvinnene
På dei fem neste plassane var det også kenyanske løparar. Beste nordmann i herreklasen vart Sindre Hoff på ein 7. plass.
Beste kvinne vart Merete Helgheim frå Gloppen Friidrettslagmed tida 1:28:53. På andre og tredje plass kom Therese Sjursen frå Fana og Elisabeth Hildenes frå Eid IL.
Sjå bileta frå Storehesten Opp
Ny rekord igjen
Også i år vart det sett ny rekord i talet på løparar. Heile 1404 personar i alle aldrar stilte til start.
- Dette har vore eit strålande arrangement, utan store problem i varmen, seier Kårstad.
Han seier at det ved start var omlag 30 grader og på toppen 20 grader.

På sykkel nedover
Den mest spesielle nedstigninga stod Anders Løberg frå Oslo for. Han hadde ein sykkel med seg på ryggen då han gjekk til toppen og sette utfor på veg nedover igjen.
- Han sykla nedover på baksida av Storehesten med ein spesiell sykkel som er konstruert for sykling i bratt terreng.
Her får du resultata:
Galleri
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

Kast i kast ned Storehesten
Sjå bileta frå Storehesten Opp 2009
Sjå bileta frå Storehesten Opp 2008
Sjå bilete frå Storehesten Opp 2006















Melodi Grand Prix i Florø