10.02.2012

Tryti fekk ikkje jobben

Anna Elisa Tryti (NRK)

Stillinga som riksantikvar gjekk i staden til PST-sjef Jørn Holme.

I byrjinga av oktober startar PST-sjef Jørn Holme i jobben som riksantikvar, det melder aftenposten.no.

Rådmann i Naustdal Anna Elisa Tryti søkte også på jobben.

Ho er historikar og tidlegare kommunalråd i Bergen kommune.

- Vil vere kontroversiell

Miljøvernminister Erik Solheim har tru på at PST-sjefen vil engasjere seg sterkt.

- Eg trur Hole vågar å vere kontroversiell. Det er bra, seier Solheim til Aftenposten.

Jørn Holme er Cand. jur fra Universitetet i Oslo 1986. I Økokrim var han i perioden 1991 til 2001 førstestatsadvokat, og fra 2000 til 2001 var Holme fungerande nestleiar.