Hopp til innhold

Jonsokfeiring tok dramatisk vending

Jonsokfeiringa i Askvoll tok ei dramatisk vending då glør frå jonsokbålet tende fyr i eit eldre hus.

bålbrenning og husbrann
Foto: Svein Follevåg

Brannalarmsentralen fekk melding om brannen klokka 20.33. Ein halvtime seinare var brannen under kontroll. Ingen budde i huset.

- Det tok fyr på taket, men brannen eg trur den er sløkt no. Huset har fått litt skade i eine hjørnet, fortel Ronny Svellingen.

Glo frå jonsokbål

Han var saman med folkemengda på fleire hundre personar som var samla til jonsokfeiring ved kaien på Øyra. Midt i programmet oppdaga oppdaga einkvan flammane som var iferd med å utvikle seg på det "gamle prestøyhuset".

- Huset ligg om lag 60-70 meter frå bålet. Det var glo frå bålet som sette fyr på huset, seier Svellingen.

Ubebudd

Huset er i kommunalt eige og står til nedfalls. Kommunen har også gjerda det inn.

- Det var ikkje tendens til panikk, men nokre av borna som var her byrja å grine, seier Svellingen. Nokre minutt etter at brannen vart oppdaga, var brannmannskapet på plass og tok til med sløkkingsarbeidet - og jonsokfeiringa kunne halde fram.

jonsokfeiring i Askvoll

Glør frå jonsokbålet på Øyra i Askvoll sette fyr på eit eldre nabohus like ved.

Foto: MMS- Ronny Svellingen