Hopp til innhold

Rasar mot Ewos

Naturvernforbundet går no ut og vil stanse Ewos utvidinga i Flora.

 

 

Stein Malkenes
Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

Ewos planlegg å doble produksjonen av laksefor, Naturvernforbundet meiner det vil gå kraftig utover sjøfuglbestanden.

- Ikkje fugl igjen

Tidlegare fylkesleiar i Naturvernforbundet Stein Malkenes viser til at det knapt fins sjøfugl igjen utanfor kysten av fylket, han gjev Ewos og andre forprodusentar skulda.

- Maten til sjøfuglen går til oppdrettslaks i staden. Det fins snart ikkje att tobis, øyepål eller kolmule i norsk sone.

Malkenes meiner at utvidinga av Ewos ikkje heng saman, når sjøfuglen manglar mat.

- Det er rett og slett ikkje fisk nok att i havet til ei slik auke i produksjonen. Det er eit paradoks at samstundes som sjøfuglbestanden bryt saman, skal Ewos bygge ein fabrikk der ein har tenkt å ta ut endå meir sjøfuglmat frå havet.

- Ansvaret ligg hos styresmaktene

Informasjonsansvarleg i Ewos, Øyvind Risnes seier det er viktig å ta vare på sjøfuglen, men at det er myndigheitene sitt ansvar.

- Vi kjøper fiskemjøl der produksjonen er basert på kvoter frå styresmaktene. Vi har tillit til at styresmaktene regulerer kor mykje det er lov å fiske på ein bærekraftig måte.

Trist å tenke på

På holmar og skjær der det før krydde av sjøfugl i Flora er det no nesten ingen att, Malkenes meiner det er tragisk.

- Det er sjølvsagt fleire årsaker til at det er lite sjøfugl, men fakta er at det ikkje fins nok mat igjen til dei i Nordsjøen. Derfor har myndigheitene stoppa fisket av tobis. Det er trist å tenke på at når ein reiser ut til øyane utanfor Florø, så er det ikkje sjøfugl att. 

Malkenes får kritikk

Dagleg leiar i Sunnfjord 2020, Brigt Samdal, går kraftig ut mot Stein Malkenes når han gjer fiskeforfabrikken Ewos i Florø medskuldig i fugledøden på kysten. Samdal meiner Malkenes som nabo til forfabrikken har vikarierande motiv, og at det er usakleg å koble Ewos-utviding med fugledød på kysten.