Hopp til innhold

Sildebord samla 6000

To og eit halvt tonn fersk sild gjekk med under verdas lengste sildebord.

Trongt om plassen rundt sildebordet i Florø
Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Fredag kveld opna fiskeriminister Helga Pedersen det tradisjonsrike sildebordet i Strandgata i Florø.

Utover kvelden kunne folk forsyne seg med gratis sild i mange variantar. I følgje arrangementsansvarleg Arild Melvær har det gått med to eit halt tonn fersk sild til saman.

Rundt 6000 personar deltok på sildebordet og konsertane med Kurt Arve Washburn og Blue Horn Jazz Band.

- Det var eit kjempeflott arrangement. Kombinasjonen av gratis mat og musikk er tydlegvis noko folk set pris på, seier Mælver.

Sjå bileta frå årets sildebord