26.05.2012

Bjørnejakta får halde fram

Bjørnejakta i Jostedalen kan halde fram. Direktoratet for naturforvalting avviste fredag ettermiddag anken frå Norges Miljøvernforbund.

Miljøvernforbundet anka fellingsløyvet med oppsettande verknad. Målet var å få utsett jakta til miljøverndepartementet har handsama anken.

Fylkesmannen i Sogn og Fjorde tilrådde at klagen frå Miljøvernforbundet ikkje vart stetta.

Torsdag ettermiddag vart det leita med helikopter etter bjørnen som har herja i Jostedalen siste tida. Men fjelloppsynet og jegerane fann ikkje ferske spor.