- Absurd med Astrup-kunst i Oslo
Kunsthistorikar Holger Kofoed meiner det er absurd å ha Astrup-samlinga i Oslo eller Bergen i staden for i Jølster.
Publisert 15.02.2005 07:54. Oppdatert 15.02.2005 09:05.
- Skriv ut
I går sa Astrup-kjenner Øystein Loge at kunsten bør inn på Munch-museet i Oslo eller til Bergen, og ikkje til eit avsidesliggande galleri i Førde. Kofoed er kunsthistorikar ved Kunsthøgskulen i Oslo og han meiner Astrup-kunsten må førast heim.
Sandalsstrand av Nikolai Astrup Stadig fleire i kunstverda involverer seg no i striden kring plasseringa av Astrup-kunsten. Det er skipsreiar Jon Christian Brynhildsen si store Astrup-samling det her er snakk om.
- Må til Sunnfjord
Astrup-kjennaren Øystein Loge gjekk i går sterkt ut med Munch-museet som framtidig stadval for Astrup-kunsten, eventuelt at kunsten kunne plasserast i Bergen. Men Holger Kofoed stør no fullt ut planane om å hente samlinga til Sunnfjord, trass i argumentet frå Loge om at kunsten får eit større og meir internasjonalt publikum i Oslo eller Bergen.
Sunnfjord
Nikolai Astrup
- Millionbeløp for Astrup-måleri
- Astrup-bok utsett
- Astrup vart for dyr
- Astrup til Vesterland
- Astrup-bilete vert selt
- Fekk 2,3 millionar for Astrup-bilete
- Nye Astrup-bilete for sal
- Astrupbilete truleg falskt
- Kamp for måleri med Astrup-motiv
- - «Astrup-biletet» er ikkje ekte
- Tidlegare eigar kan krevje å få Astrup-kopien tilbake

















Sol og sommar i fylket