Hopp til innhold

Båten er verd over to milliardar

Den mykje omtala luksusyachten "A" kom tysdag kveld til Flåm.

Luksusbåten til Andrey Melnichenko, "A" cruisar inn mot Flåm.

Luksusbåten til Andrey Melnichenko, 'A' cruisar inn mot Flåm.

Foto: Atle Gjerløw

Båten er eigd av den russiske mangemilliardæren Andrey Melnichenko. Russaren var i fjor 158. rikaste personen i verda.

- Den er jo berre spesiell. Lettbåtane var ute i stad, og dei var i same stil. Både dei og "A" er tydeleg gjennomført med rette linjer. Eg veit ikkje om eg skal kalle det minimalistisk, seier driftsassistent i Flåm Utvikling, Alf Sigurd Strømsnes.

Kom tidlegare enn venta

Båten var i går i Bergen, der den kasta glans over Vågen . Det er Flåm Utvikling som har agentansvaret for besøket. Dei første opplysningane gjekk på at båten først skulle komme fredag. Kva aktivitetar Melnichenko og kona skal vere med på, er uvisst.

- Etter planen skal den reise att i morgon tidleg, men det spørst om dei tykkjer det er så fint her at dei blir verande, seier Strømsnes om det impulsive besøket.

- Imponerande sprøtt

"A" ser meir ut som ein ubåt, men er innvendig spekka med luksus. Båten blir liggande i Aurlandsfjorden, og skal ikkje til kai.

- Med fare for å såre nokon, tykkjer eg det er eit imponerande sprøtt syn. Men eg tykkjer om dei som vågar å gjere noko annleis, seier Strømsnes. Fredag kjem "Drizzler", som måndag vitja Kalvåg, til Flåm.

Russaren kom sjøvegen frå Hardangerfjorden til Bergen, før den vende baugen nordover mot Sognefjorden.

Kostar to milliardar

Båten er 118 meter lang og 18 meter brei. I følgje TimesOnline kan den halde ein fart på 25 knop utan å lage så mykje som ei bølgje . Den vart designa av Philippe Starck og Martin Francis og vart bygt hjå Blohm+Voss i tyske Hamburg. Med ein prislapp på 200 millionar pund, er den heller ikkje av det dyraste slaget.

Med dagens kurs på 10,56 kroner per pund, kostar den 2,1 milliardar norske kroner. Internasjonal media har fleipa om at russaren konkurrerer med Chelsea FC eigar Roman Abramovich om å ha den største båten.

Suksessrik forretningsmann

Men så er heller ikkje Melnichenko noko fattig mann. 36-åringen har spelt ei sentral rolle i oppbygginga av fleire av Russlands mest suksessrike selskap. Mellom anna MDM Bank som frå oppstarten i 1993 brukte ti år på å vekse seg til landets største bank.

Melnichenko har saman med kompanjongen Sergey Popov bygt opp EuroChem, Siberian Coal and Energy Company (SUEK) og TMK. Sistnemnde er russlands største produsent og eksportør av stålrør.

Punga ut for Aguilera

Russaren har også tidlegare vist at han har pengar. Til bryllaupet hans i 2005 betalte Melnichenko vel 15 millionar kroner til Christina Aguilera for at ho skulle synge to songar i bryllaupet hans.

Då kona feira 30-årsdag betalte han Jennifer Lopez ein vel fem millionar kroner for å underhalde.