Hopp til innhold

- Klima blir ikkje-sak i valkampen

Klimaproblematikken kan bli gløymd i valkampen. Politikarane tør ikkje fokusere på dei vanskelege sakene, meiner klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Jordklode
Foto: Sinar 2

Carlo Aall
Foto: Vestlandsforsking

Aall frykter at fokuset på å redusere klimautslipp vil bli enda mindre før årets stortingsvalg enn det var før kommunevalget.

- Dei tørr ikkje, og veit ikkje korleis dei skal gå inn i den verkeleg vanskelege diskusjonen om korleis ein skal endre utslepp og redusere det.

Støtte frå Naturvernforbundet

Og Aall får full støtte fra Erik Solheim i Norges Naturverforbund.

Erik Solheim
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

- På Stortinget er dei no veldig einige om kva dei skal gjere. Dei skal gjennomføre dette måneprosjektet. Dei skal køyre på klimakvotekjøp, og kal ikkje gjere noko anna her heime enn å produsere meir straum. Noko som ikkje gir mindre utslepp. Så eg ventar heller ikkje at valkampen kjem til å bli heit, sjølv om temperaturen på jorda stig.

Inne i ein vond sirkel

Når folk ikkje blir tilstrekkelig skremde tør ikkje politikerene å fokusere på klima, og når politikerene ikkje gjer noko, trur folk det ikkje er alvorleg.

- Ved førre val stod vi midt oppe i det. Klimanyheitene strøymde på om auka utslepp og naturkatastrofar over alt. Likevel så blei dei ikkje noko konstruktiv politisk debatt om klima, meiner Aall. - I dag når presset frå omverda er mindre, tvilar eg sterkt om ein klarar å kome noko vidare i denne valkampen..

- Gjer mykje for halde klimadebatten varm

Hallgeir H Langeland
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Stortingspolitiker i SV, Hallgeir H Langeland, er usamd og seier dei vil gjere mykje for å halde klimadebatten varm.

- Det gjer me no i samarbeid med miljørørsla når det gjeld nei til utbygging i Lofoten og Vesterålen. Det gjer me i samarbeid med miljørørsla og fagrørsla når det gjeld å bygge lyntog i Norge, seier Langeland. - Og det gjer me med store grupper i samfunnet når det gjeld å få fleire til å ta bussen, og færre til å køyre bil. Så det arbeidet er godt i gang og det vil vise godt igjen i valkampen, meiner Langeland.