26.05.2012

Kostbar forsømming av vegane

Vedlikehaldet av fylkesvegane har vore forsømt i mange år. Statens Vegvesen har rekna ut at det trengst 563 millionar kroner for å sette dei i skikkeleg stand.

- Men no skal fylkeskommunen ta til å prioritere det eksisterande vegnettet, seier samferdslesjef Ole Ingar Hæreid.

Ikkje strakstiltak

- Strakstiltak ser eg ikkje for meg, men samferdsleutvalet har no gitt vegetaten i oppdrag å prioritere oppgradering av eksisterande vegar i planane fram til 2009, seier samferdslesjefen.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for fylkesvegnettet. I mange år har store nyanlegg reist med det meste av pengane. No er dei fleste av desse nye veganlegga kome på plass, og dermed er det håp om å få opp att standarden på dei eksisterande fylkesvegane.

Eitt nyanlegg

- Brandangersundet i Gulen er det einaste store nyanlegget i perioden 2006 til 2009. Oppgradering av fylkesvegane blir det andre store temaet, seier Hæreid.

Vegvesenet har rekna ut at det er eit vedlikehaldsetterslep på 563 millionar kroner. Det høyrest mykje ut, men samferdslesjef Ole Ingar Hæreid meiner standarden ikkje er håplaus.

- Det er asfaltdekke på nesten alt, men det manglar mellom anna rekkverk mange stader, seier samferdslesjefen.