26.05.2012

40 prosent meir nedbør

Vatn i vegbana på E39 ved Bogstunnelen (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

- Kunnskap om klimaendringane og konsekvensane av dei er viktig, seier fylkesberedskapssjef Håvard Steensvand.

Idag var det klimakonferanse i Florø. Der spådde landets fremste klimaforskarar mellom anna meir nedbør i framtida..

- Kommunane må ta klimaendringane på alvor, seier Steensvand

- For det første så treng dei som skal ta beslutningane kunnskap. For det andre så treng også innbyggarane generelt å bli motivert og å få forståing for at det å gjere tiltak på klimasida faktisk er naudsynt.

Nærare ei dobling av nedbøresmengda

Tangen i Førde er overfløymd (Foto: Erling Molt Korsnes/NRK)

Flaum i Førde sentrum

Foto: Erling Molt Korsnes/NRK

- Når vi snakkar om nedbørsendring for Norge så er det 20 prosent i snitt og kanskje opp mot det doble til dømes i vestnorge. Klimaforskar Helge Drange seier at dei forvente endringa er står store at det kan bli utfordringar for veg byggningar og avløp.

- Det gjeld det å sikre seg at avløpa kan ta unna mesteparten av vatnet når det verkeleg bøttar ned. - Så er jo dette med rassikring viktig. Nokre av dei rasa vi ser er knytt til store nedbørsmengder på kort tid, seier Drange.

Arbeidet alt i gang

- Utvalet skal jobbe ut 2009 og 2010, då kjem dei endelege råda. Men kommunane ser jo endringane allereie no seier Drange. - Då kan vi ikkje lukke augo for at framtida vil vere svært forskjellig frå det vi kjenner i dag.

Klimaendringane verre enn rekna med

Førde Camping (Foto: Rolf Sanne-Gundersen/NRK)

- Dette arbeidet har jo berre pågått 1,5 år, men generelt kan eg svara ja på at vi nok meiner det er er større sansynlegheit for store klimaendringar enn mindre klimaendringar. Difor må vi ta høgde for klimaendringane kan bli større enn dei tala vi legg fram i dag.

- Framleis eit stykke veg å gå

Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand seier at kommunane er blitt flinkare dei siste to-tre åra, men at mange framleis har eit stykke veg å gå.

- Mange kommunar tenker etter kvar likt som Flora, som har tatt dette inn, og lar det vere ein tydleg del av planarbeidet og ikkje minst arbeidet med den kommunale arealplanen.