Hopp til innhold

Tande-P hudflettar Vågsøy kommune

Den tidlegare TV-kjendisen Alf Tande Petersen går til frontal-angrep på Vågsøy kommune i samband med oppgjeret etter Tall Ships Races-skandalen.

Tande-P
Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Kommuneleiinga har gjort seg skuldig i eit brotsverk mot innbyggjarane, meiner Tande-P.

- Det er skattepengane til folk i Vågsøy kommune som er sett over styr. Når leiinga i kommunen prøver å tilsløre og feie under teppet det som har skjedd, så gjer dei eit brotsverk mot innbyggarane, seier Tande-P. - Eg meiner at oppsisjonen straks burde ha krevd ei ekstern gransking

Fekk sparken via e-post

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Den tidlegare TV-kjendisen spelte lenge ei sentral rolle i utarbeidinga av filmen om Tall Ships Races. Men i juli i fjor, ein månad før seglskutefestivalen skulle gå av stabelen, fekk Tande-P ein mail frå Tall Ships-sjef Helge Hjelle om at han var sparka ut av filmprosjektet.

Avviser skuldingane

Ordføraren i Vågsøy avviste imidlertid nyleg at Tande- P på usakleg grunnlag vart sparka ut av prosjektet. Dette reagerer Tande-P sterkt på, og seier det er grunnen at han no går ut i media om saka.

Strid om bokprosjekt

Helge Hjelle

Tall Ships-sjef Helge Hjelle

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tande-P har heile tida hevda han vart sparka ut av film-prosjektet grunna ein strid med Hjelle om eit privat bokprosjekt. Den tidlegare TV-kjendisen fekk då også gjennom eit rettsforlik 190.000 kroner frå kommunen i etterkant av at han måtte forlate filmprosjektet

Helge Hjelle ønskjer ikkje å kommentere saka

Kommunen risikerer ny rettsak

No står striden om eit medietreingskurs, der Tande P meiner kommunen nektar å betale han godtgjerdsle for kurset. Også denne saka kan hamne i retten, hevdar Tande-P.