Fundo-direktøren går av

Arvid Ullebø, direktør i Fundo Wheels, trekkjer seg frå stillinga etter store underskot i bedrifta.
Publisert 30.06.2006 13:16. Oppdatert 30.06.2006 15:00.
- Skriv ut

Arvid Ullebø
Foto: NRK- Det er personlege grunnar til at eg no sluttar. Ut over dette har eg ingen kommentar. Det kjem ei pressemelding seinare i dag, seier ein kortfatta Arvid Ullebø til Bergens Tidende.
Dei tilsette ved fabrikken som har over 300 tilsette vart informerte på eit allmannamøte klokka 14 i dag.
Ny direktør
Styret i Fundo Wheels i Høyanger har engasjert Thorstein Abrahamsen som ny direktør. Direktørskiftet skjer umiddelbart.
Abrahamsen er i dag tilsett i Hartmark Consulting.
Bilfelgprodusenten i Høyanger har slite med økonomien over lengre tid. Første kvartal i år presenterte dei eit underskot på 2,6 millionar kroner. Styret peikar på at det trengs omfattande tiltak for å lønsam drift ved verksemda.
Ullebø som har vore direktør sidan 1998, har valt å overlate den vidare omstillinga til andre, heiter det i ei pressemelding frå styret.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket