Hopp til innhold

Driftstans etter brann

Produksjonen ved Silgrain-anlegget har stoppa opp etter brannen ved Elkem Bremanger natt til 1. pinsedag.

Elkem Bremanger
Foto: NRK

Det tok til å brenne i eit vifterom og det var ei stund frykt for eksplosjon ved smelteverket .

Taper pengar

Verkssjef Robin Ephithite seier at det kan ta nokre dagar før produksjonen kan starte opp att.

- Øydeleggingane i brannen var ikkje så store, men det er klart at vi taper når vi ikkje får produsert.

Starta truleg i vifte

Søndag kveld var det synfaring ved verket etter brannen.

- Det ser ut til at brannen starta i ei vifte, og to avsugvifter og nokre plastrøyr var øydelagde, seier han.

Det er omlag 20 personar som er knytt til den delen av anlegget som produserer Silgrain som er høgreint silisium som mellom anna blir brukt i elektronikk.

- Dei er no med på arbeidet med å få produksjonen i gang igjen.