Hopp til innhold

Sogn vil bli best i test, igjen

Hotella i Sogn har gått saman for å sikre kvaliteten på tilboda sine. Målet er å halde på statusen som eit av verdas beste reisemål.

Kviknes hotell

Kviknes hotell i Balestrand.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På klimakonferansen Balestrand Summit måndag ettermiddag delte Sigurd Kvikne sine tankar om fordelane med samarbeid.

Balestrand Summit er det andre av tre seminar som skal diskutere strategiar og tiltak for å gjere norsk reiseliv berekraftig.

Kvikne er fjerde generasjons hotelldirektør på Kviknes hotell i Balestrand, og er ei av eldsjelene bak samarbeidet i Sogn.

- Kvalitet i alle ledd

- Det er viktig å innfri kundane sine forventningar og kanskje aller best er det viss ein klarer å overgå dei. Då er det viktig at det er kvalitet i alle ledd av produktet du sel, fortel Kvikne.

Og dei som kjem til Sogn og ikkje får innfridd forventningane, dei burde ikkje vore der i det heile, meiner hotelldirektøren.

- Eit eksempel; viss du kjem til Balestrand og klagar fordi det ikkje er noko natteliv her, vel så har du kome til feil plass, forklarar Kvikne.

Hotelldirektøren på Kviknes skal no samarbeide med nabohotella, eller konkurrentane, for å bli betre. Og på spørsmål om kvifor er svaret klart.

- Ein destinasjon

- Sognefjorden er éin destinasjon, og det er viktig at vi ber oss åt som ein. Vi er avhengige av at folk reiser rundt og besøker andre plassar i Sognefjorden. Folk er ikkje berre i Balestrand når dei er her i sju dagar, forklarar Kvikne.

Vidare beskriv Kvine samarbeidet som eit kvalitetssystem som forenklar kvardagen til bedriftene.

Hopstock hotell

Hopstock hotell er med i hotellsamarbeidet i Sogn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Vi vert einige om ein del kriterium og gjer ein del val om kva produkt vi skal servere, mellom anna innanfor mat. Eg føler det er mykje betre å jobbe på denne måten enn om eg skulle gjort alt dette åleine.

Og Kvikne er ikkje åleine om å brenne for samarbeidstanken.

Starta med morellar

Ifølgje forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Ivar Petter Grøtte, starta heile prosjektet eigentleg med kvalitetssikring av morellar i Lærdal.

- Etter å ha kvalitetssikra vel 20 morelleprodusentar i Lærdal, hadde vi opplevd noko spennande, seier Grøtte.

På førehand vart prosjektet ifølgje Grøtte opplevd som byråkratisk og tungt. Men då det var ferdig var ting annleis.

Mundal hotell

Også Mundal hotell er med på samarbeidet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Mange var veldig stolte av at vi hadde fått det til. Vi hadde vist at vi hadde eit kvalitetsprodukt der vi kunne dokumentere produksjonen. I tillegg kunne vi vise at dette var noko vi kunne selje til ein høg pris, fortel Grøtte.

Stort utbytte

Grøtte meiner dei sju hotella i Sogn får mykje ut av samarbeidet.

- Dei får kunnskap om kvalitetssikring, berekraftig og miljømessig næringsliv gjennom å utvikle dette saman.

Det er dei sju hotella Sogndal, Hopstock, Mundal, Kviknes, Tørvis, Vesterland og Lindstrøm som i første omgang kvalifiserer seg i løpet av sommaren.

Og bakgrunnen for det heile er ifølgje hotelldirektøren på Kviknes ei kåring i eit magasin.

- Flaks

- Det som eigentleg var flaks var at fjordane på Vestlandet vart kåra til verdas beste reisemål i National Geographic Traveler, fortel Kvikne.

Balestrand

Fjordane i Sogn vart kåra til verdas beste reisemål. Her idyll i Balestrand.

Foto: Magnar Hellebust

Og ifølgje Kvikne var det settet med kriterium frå denne kåringa hotella i Sogn valde å ta i bruk.

- Lokale matvarer er ein viktig del av denne kvaliteten i tillegg til service. Også kunnskapen om Sogn som heilskap er viktig.

Og etter å ha gjort det ein gong, er Kvikne klar på at dei må gjere det igjen.

- Å vere verdas beste reisemål er kjekt. Men ein må ikkje berre utnytte at ein er det, men også bli best i test neste gong også.