Får fly turistar med helikopter

Asbjørn Nes og Airlift får konsesjon til å lande ved mellom anna Bøyabreen i Fjærland.
Foto: Merete Høidal/NRKAsbjørn Nes på Veitastrondi har fått konsesjon på helikopterflyging mellom Fjærland og Veitastrondi.
Publisert 30.06.2006 06:51.
- Skriv ut
Flyging med turistar skal skje i samarbeid med helikopterselskapet Airlift, og Asbjørn Nes reknar med at dei vil starte opp forsiktig alt i sommar.
- I første omgang blir det charter- og bussturistar som blir den øyremerka marknaden. Vi har tenkt å starte litt forsiktig, seier Nes.
Satsar stort
Nes og Airlift får konsesjon til å lande ved Bøyabreen i Fjærland, på Veitastrondi og i Gaupne, og får fly inntil 2000 turar i året i 10 år. Frå ein forsiktig start reknar Nes med å satse stort vidare framover.
- Det er alt ein marknad der, og det er grunn til å tru at den vil vekse. Folk får stadig betre råd og har lyst til å oppleve mykje på kort tid. Då er helikopterturar i denne naturen heilt optimalt, seier han.
Rundturar og ekstremsport
Og det er velkjent at både Skjolden og Sogndal ønskjer cruisebåt-trafikk, og der ser Nes store moglegheiter.
- Viss det blir cruisebåtsatsing i Sogndal, så står vi klare til å tilby dei rundturar med helikopter, seier han.
Han tenkjer seg også helikopter nytta i ekstremsport.
- Det er noko vi har tenkt på og som vi har planar om å utvikle, seier han.
Nes kjempa lenge for å få helikopterflyging til fjelltoppen Kaldakari, men fekk nei. No set han i verk plan B.
- Kaldakari hadde noko vore finare, ja, seier han.
Turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket