Hopp til innhold

Helse Førde får mindre inntekter

Eit utval føreslår eit inntektskutt på 12 millionar kroner i året til Helse Førde. Den allereie svært tronge økonomien i helseføretaket vil dermed bli endå meir prekær.

Førde Sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Dette godtek vi ikkje, seier Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde.

- Vi vil alltid ha meir pengar, fordi vi har bruk for meir pengar. No er dette ute på høyring, og vi kjem til å spele inn våre ting om dette.

- Tek ikkje omsyn til sjukehusstrukturen

Dersom forslaget til ny inntektsmodell for Helse Vest blir vedteke, vil det medføre millionkutt for Helse Førde. Helse Førde har sjølv rekna ut at kuttet vil kome på om lag 12 millionar kronar, i ein sjukehusøkonomi som frå før er meir enn trong.

Clara Øberg

Clara Øberg

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Helse Førde har sjukehus både i Lærdal, Førde og på Nordfjordeid. Det er ein struktur som er svært kostbar sett i høve det samla folketalet i området. Øberg meiner den kostbare sjukehusstrukturen, som den raudgrøne regjeringa har pålagt Helse Førde å ha, må takast meir omsyn til i den nye inntektsmodellen.

- Det er ikkje teke omsyn til den strukturen vi er pålagt å ha. Det er ganske krevjande, fordi vi har ein struktur som gjer at Helse Førde som føretak er dyrt å drive. Det tenkjer eg er noko vi vil spele inn. At vi kunne tenkt oss å få kompensert for det.

Nye data

Professor Jon Magnussen, som har leia utvalet som har lagt fram den nye inntektsmodellen, seier Helse Førde skal ned i inntekt.

- Det er inntekter knytt til befolkninga sitt behov for helsetenester og knytt til kor dyrt det er å behandle pasientane. Vi har oppdatert dei kriteria med nyare data, og det gir som følgje at Helse Førde skal noko ned i forhold til den fordelinga vi har i dag.

- Men Helse Førde slit med dårleg økonomi og store underskot. Kan det då vere rett at dei skal få enda mindre ?

- Det har eg inga formeining om. Vi har laga ein modell som på best mogleg måte tek i vare forskjellar mellom helseføretaka når det gjeld behov og kostnader.