Hopp til innhold

- Vi må få kortare reiseavstand

For å få fleire oljearbeidsplassar til fylket må vi gjere noko med reiseavstandane, meiner lokalt næringsliv.

Fjordbase på Botnaneset i Florø.

Flora Industri- og næringsforening trur kortare reiseavstand kan gjere fylket attraktivt for oljeselskapa.

Foto: unknown / NRK

- Får vi på plass 45-minuttsregionen mellom Måløy, Svelgen og Florø kan vi bli meir attraktive for oljeselskapa, seier Bjørn Hollevik som er styreleiar for Flora Industri- og næringsforeining.

Vil ha fleire oljearbeidsplassar

På eit dialogmøte i Florø før helga diskuterte utsendingar frå oljeindustrien, næringslivet, fylkeskommunen og NHO Sogn og Fjordane framtida for oljeindustrien langs kysten av Sogn og Fjordane.

Bjørn Hollevik i Flora Industri og Næringsforening er ein av fleire som vil ha fleire oljearbeidsplassar til fylket. Og for å få det til må det gjerast noko med infrastrukturen langs kysten meiner han.

Betre veg og kortare reiseavstand

- Skal vi få ungdom til å komme tilbake, må fylket ha jobb til i alle fall to om det er eit par som kjem. Då vert Florø, Førde, Vågsøy og Bremanger kvar for seg for små. Vi må lenkje dei saman, seier Hollevik.

Og for å få til det må betre veg på plass meiner han.

- I linjeavstand er det 39 kilometer frå Vågsøy til Florø. Og i dag brukar vi to og ein halv time for å komme oss mellom desse to stadane, seier Hollevik.

På grunn av dei store reiseavstandane vert det vanskeleg med dagpendling meiner Hollevik. Og på den måten går fylket glipp av eit stort vekstpotensiale.

- Å kunne tilby eit større bu- og arbeidsfelleskap er heilt avgjerande om vi skal lukkast vidare, seier Hollevik.

Ikkje for seint

Sogn og Fjordane har i dag få arbeidsplassar innan olje og petroleumsindustrien samanlikna med kystfylka nord og sør for oss.

Men ifølgje bransjen er det framleis minst 100 år att av oljeeventyret og det er ikkje for seint for fylket å kome sterkare på bana.

Også Torstein Hole i StatoilHydro meiner infrastruktur er viktig. Og han meiner det politiske miljøet må leggje til rette for ei positiv utvikling for næringslivet.

- Det må vere gode samferdslemoglegheiter. I tillegg til at det må vere gode moglegheiter for å busette seg her, både for dei som vil bli og dei som vil etablere seg her, seier Hole.