11.02.2012

Burning og russebråk

Ein sjåfør fekk bot for å ha burna på festplassen i Førde.

Det var i åttetida onsdag kveld burninga fann stad, og det var samla seg ein del russ på festplassen. Bilen vart også avskilta på staden fordi den ikkje var framstilt for kontroll i rett tid.

Overtid for politiet

Seinare på kvelden måtte politiet rykke ut til russen igjen. Ein del russ uroa nabolaget med høg musikk og anna støy. Kveldspatruljen måtte jobbe overtid ut over natta for å roe bråket.

Rykte ut til vald

I halvto-tida på natta måtte politiet og ambulansen i Førde rykke ut til det som såg ut som å vere grov lekamskrenking. Det synte seg at det ikkje var så alvorleg som ein fyrst trudde, men det hadde vore ein del vald. Det var ikkje naudsynt å frakte nokon til sjukehus.