Usemje om råning er kunst
Er råning kunst? Rånarane meiner det sjølve, men kva seier kunsteksperten og råneforfattaren?
Publisert 11.05.2009 20:32.
- Skriv ut
Rånarar i Sunnfjord kjenner seg forfølgde av politiet.
- Det følest som om i vi ikkje får vere i fred, seier rånar Ole Morten Aase Øvrebø frå Naustdal.
Får ikkje vise seg fram
- Eg synest det er urettferdig at ein som målar for eksempel får vise seg fram på sin måte. Men vi som driv med noko som vi meiner er kunst, får ikkje vise oss fram i det heile teke, seier Øvrebø.
Han meiner dei har rett til å halde på med hobbyen sin på lik linje med andre utan å bli stogga av politiet.
Krev ein kunstscene
Formidlingsleiar Stein Sandemose Bårdsen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum meiner råning i seg sjølv ikkje er kunst.
- Råning kan vere kunst. Men då treng det ein samanheng. Det krev ein kunstscene. Det er mykje som kan vere kunst og som blir forstått som kunst. Om ein rånar burner frå kroa og heilt fram til museumstrappa, kan du ikkje råne vidare inn. Du får berre ei bot.
- Og det ville også ein kunstnar ha gjort, om han hadde gjort det same. Kunstnarar er heller ikkje friteke frå vegtrafikklova, seier Sandemose.
Fine bilar
Forfattar Tiger Garté, som står bak romanen Burnout som handlar om rånemiljøet, skjønar kvifor rånarane kan sjå på råning som kunst.

Tiger Garté
NRK- Dei brukar så mykje tid på bil og det dei er interessert i. Eg er heilt samd med rånarane som har lyst å drive på med hobbyen sin. Men når det gjeld kunstomgrepet er det vel ikkje kunst i høve den vanlege terminologien. Men samstundes har ordet kunst blitt eit utvatna omgrep. Når enkelte kunstnarar parterer dyr og legg det på formalin og kallar det kunst, føretrekk eg å sjå på fine bilar.
- Meiner du råning må sjåast som kunst ?
- Ikkje sjølve råninga, som er ein viktig subkultur. Men enkelte av bilane kan sjåast på som kunstverk, sidan dei er lakkert og styla.
Er råning kunst ? Høyr heile debatten mellom Sandemose Bårdsen og Garté.
Meiner du råning er kunst ? Delta i debatten
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten

Sjå bileta frå Burn baby, burn
















Brann i Vassbygdtunnelen