Hopp til innhold

Torsheimen på plass att

Fredag kom statuen av Oddvar Torsheim på plass att på Tangen i Førde sentrum.

Torsheim-statuen er på plass att
Foto: Steinar Lote / NRK

Statuen måtte vike plassen ei stund på grunn av anleggsarbeid med parkanlegg og gangbru.

Eikaas og Torsheim på plass

Mannen som har laga statuen, Stig Eikaas, var til stades for å sjå til at statuen fekk den rette plasseringa med utsikt mot Langebrua. For statuen står ikkje akkurat der han stod før anleggsarbeidet tok til på nyåret.

- Får heidersplassen

Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim var nøgd med plasseringa av Torsheim-statuen.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Vi har funne ei betre plassering, slik at statuen er betre synleg, no kjem han meir til sin rett og får heidersplassen han fortener, seier kommunalsjef Håkon Fimland.

Han fortel at både hovudpersonen sjølv, Oddvar Torsheim, og Stig Eikaas er nøgde med plasseringa.

- Trudde han var stolen

Dette stadfestar Torsheim. Han fortel at han har fått reaksjonar frå folk på at statuen brått var vekk.

- Det var ein som trudde at nokon hadde stole statuen.

Men statuen har stått trygt på eit kommunalt lager og venta på at arbeidet skulle bli ferdig.

Klart til 17. mai

Brua over til Tangen

Brua og heile anlegget skal vere klar til 17. mai.

Foto: Steinar Lote / NRK

Heile anleggsarbeidet med stiar, gangbru og parkanlegg i den såkalla Nynorskens Skog skal etter planen vere ferdig til 17. mai, og ifylgje Fimland skal det halde fint.

- Men vi ventar med offisiell opning til det nyplanta parkområdet er grønt.

Heile arbeidet er budsjettert til fire millionar kroner.