Hopp til innhold

Kritisk til bjørnejakt

Verdas Villmarksfond (WWF) er kritiske til at det skal jaktast på bjørn i Jostedalen. Dei meiner nemleg det bør vere bjørn i Sogn og Fjordane.

Brunbjørn
Foto: Illustrasjonsfoto: Arne Nævra / Scanpix

- Først og fremst tykkjer vi det er trist at dei feller eit stort rovdyr. Sogn og Fjordane har tidlegare vore eit viktig rovdyrfylke, og slik sett høyrer bjørnen heime i her, seier fagsjef Andreas Tveterås.

Bjørnefri sone

Saman med Hordaland, Rogaland og Vest-Agder tilhøyrer Sogn og Fjordane ein region der stortinget har bestemt at det ikkje skal vere yngling av bjørn. Difor hadde ikkje fylkesmannen noko val onsdag, då det vart klart at bjørnen som har streifa i fylket den siste månaden, har drepe endå fleire sauar i Jostedalen.

- Folk vil ha bjørn

No førebur eit jaktlag seg på den første offisielle bjørnejakta i Sogn og Fjordane på 50 år. Men Tveterås meiner at folk i Sogn og Fjordane på sikt vil ha rovdyr som bjørn i fylket. 

- Fordi Sogn og Fjordane har vore eit rovdyrfylke, og fordi meiningsmålingar syner at eit fleirtal godtek at der er rovdyr - meir enn dei fekk av stortinget. Innbyggjarane kjem difor til å verte frustrerte over ein politikk som inneber at rovdyr vert skotne så fort dei kjem over fylkesgrensa, meiner Tveterås.

- Må kunne leve med bjørn

- No har bjørnen alt drepe eit titals sauer og fleire er sakna. Bør ikkje bøndene få sleppe å leve med dette trugsmålet?

- Vi forstår frustrasjonen blant bøndene over å tape dyr. Og som sagt er fellinga i tråd med politikken, så vi gjer ikkje noko stort nummer av dette. Men vi trur at over tid så kjem aksepten for rovdyr til å stige. Vi trur og det er mogeleg for bønder å tilpasse seg at det er rovdyr i området.

Arne Bjørk og Einar Fortun.
Foto: Arne Eithun / NRK

Etterlyser hjelp

Leiar i Jostedalen Sankelag, Arne Bjørk, ynskjer å ha Statens Naturoppsyn med på laget når bjørnejakta skal i gang. Iføljge Bjørk er jakta såpass farleg og vanskeleg at dei treng hjelp. Han etterlyser både fagfolk og eit helikopter frå naturoppsynet.

Eg håpar dei kan hjelpe oss med å spore opp bjørnen ved hjelp helikopter.

Lovar hjelp

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal støtter Bjørk, og er einig i at eit helikopter er nødvendig. Dersom naturoppsynet gjev hjelp til bjørnejakta skal det ikkje verte noko problem å skaffe pengane.

- Dette skal vi få ei løysing på, seier Yndesdal.