Hopp til innhold

Høyrde ikkje på protestane

Det blir hyttefelt på den vesle øya Barmen trass i sterk motstand frå dei fastbuande.

Øya Barmen i Selje kommune

Øya Barmen ligg idyllisk til i Selje med ei lita ferje som knyter den til fastlandet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dei om lag seksti innbyggjarane på Barmen i Selje kommune er sterkt imot at ein privat utbyggjar skal få føre opp eit hyttefelt med 12 hytter på øya.

Dei fryktar at Barmen skal bli ei rein ferieøy og har levert underskrifter mot planane.

Men i kommunestyremøtet onsdag kveld avgjorde eit knapt fleirtal av politikarane at det skal kome hyttefelt.

Uventa avgjerd

Varaordførar Ingmar Solvåg som sjølv er frå Barmen meiner politikarane burde ha lytta til kva folk på øya meiner.

- Eg synest det er veldig uventa at kommunestyret går på tvers av folkeviljen. Det blir å tre ei utvikling nedover bygda som bygda ikkje ynskjer, seier han.

I følgje Solvåg er samtlege av innbyggjarane i bygda imot planane og enkelte har truga med å flytte frå øya. Folk er redde det kan bli fleire hyttefolk enn fastbuande.

- Problemet er at Barmen er ei lita øy, og mange som har etablert seg der ynskjer ikkje ei utvikling med mange rundt seg. Hyttefeltet er planlagt midt i bustadområdet, seier Solvåg.

Vil snakke med folk

Utbyggar Terje Vartdal frå Volda er glad for at politikarane har gitt han løyve til å setje opp 12 hytter. Den lokale motstanden på den vesle øya er derimot tøffare å takle.

- Eg trur at på sikt vil dei sjå at det ikkje er så negativt. Det kan kanskje vere positivt for bygda med meir aktivitet, meiner Vartdal.

Han har ikkje vurdert å trekkje søknaden på grunn av motstanden.

- Vi må prøve å komme i dialog med dei som bur der for å klargjere kva vi har tenkt å gjere vidare, seier han.