Hopp til innhold

Mistanke om svineinfluensa

Ein mann frå Sogn og Fjordane har utvikla influensaliknande symptom etter ein Mexico-tur.

Svensk sykepleier viser utstyret som brukes til å oppdage symptomer på svineinfluensa
Foto: STIG-AKE JONSSON / AFP

Mannen som er busett i Sogn og Fjordane tok sjølv kontakt med kommunelegen då han kom heim frå Mexico med influensaliknande symptom.

Det er teke prøver av mannen som er sende til Folkehelseinstituttet. Innan to dagar vil svaret vere klart.

Må halde seg heime

Mannen som er ein vaksen mann, har fått beskjed om å halde seg heime. Øgar vil ikkje seie kvar personen er busett.

- Denne personen er i ferd med å bli frisk, så det er ingen fare for han, seier fylkeslege Petter Øgar.

- Kva symptom hadde mannen?

- Det er slike symptom som folk forbind med influensa. Feber, tørrhoste, litt nedsett allmenntilstand, sår i augene, i det heile teke vanlege influensasymptom som folk har om vinteren, seier Øgar.

Er ikkje bekymra

Mellom 10 og 15 nordmenn som har vore i Mexico har utvikla influensaliknande symptom og vert no testa for svineinfluensa.

- Kor sannsynleg er det at mannen er smitta av svineinfluensa?

- Det blir rein spekulasjon. Ingen av dei som har fått svar på prøvene har vist seg å ha svineinfluensa. Eg er ikkje veldig bekymra, men ein veit aldri, seier Øgar.

Han meiner likevel kommunane i Sogn og Fjordane må vere førebudde på å takle utbrot av svineinfluensa.

- Vi ser at Sogn og Fjordane ikkje er så langt unna resten av verda, seier Øgar.