10.02.2012

Budde på pandemi

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen ( til venstre) og helseminister Bjarne Håkon Hanssen (Foto: Larsen, Håkon Mosvold/SCANPIX)

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen ( til venstre) og helseminister Bjarne Håkon Hanssen under pressekonferansen måndag der dei informerte om svineinfluensaen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold/SCANPIX

Vi er budde på å møte ein influensapandemi i fylket. Det seier smittevernoverlege Reidar Hjetland i Helse Førde.

Svineinfluensaen som herjar i Mexico er bekrefta funne i Spania, og det vert undersøkt om personar i Troms og Haugesund kan vere smitta.

Sjå og 13.000 kan i verste fall dø

Kan ikkje utelukke sjukdom i fylket

Hjetland kan ikkje utelukke at svineinfluensaen kan kome til fylket.

- Folk reiser mykje no. Og Mexico er eit populært reisemål. Så eg vil ikkje utelukke nokon ting.

Øving i fjor haust

Hjetland seier det er planar både nasjonalt og lokalt i kommunane korleis ein skal møte ein slik situasjon.

- Både Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane øvde på det med influensapandemi i haust.

- Kor godt førebudde er de etter å ha hatt denne øvinga så nyleg ?

- Vi er rimeleg bra førebudde. Det er mange ting som er tenkt på, men det er klart når situasjonen melder seg, er det ikkje alle detaljar som ein har heilt klart føre seg. Så det blir nok noko arbeid viss det skulle førekomme.