Hopp til innhold

Slutt på luktplaga?

Fredag vart nye metodar for gjødselspreiing synte fram ved Førde Sentralsjukehus.

Spreiing av gjødsel ved Førde Sentralsjukehus
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange pasientar på sjukehuset har vore plaga av lukt når bøndene i nærleiken køyrer ut med gyllevogna si og spreier den flytande gjødsla.

Lukta plaga kreftpasientar

I fjor gjekk kreftlege Geirfinn Vagstad ut og bad bøndene ta omsyn til kreftpasientar som tok cellegiftkur. Når ein går rundt med sterk kvalme på grunn av kuren gjer intens gyllelukt tilveret endå verre.

Nye metodar og utstyr

Difor tok Førde kommune initiativ til ein dialog med fem bønder på Vie, og fredag vart nye metodar og utstyr for spreiing av gjødsel demonstrerte berre nokre hundre meter frå sjukehuset. Om lag 50 bønder og andre interesserte møtte fram for å sjå og lære.

- Vellukka dag

Arve Arstein

Argve Arstein leia gjødseldemonstrasjonen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Arve Arstein i Norsk Landbruksrådgjeving stod i spissen for demonstrasjonen, og han seier det var ein vellukka dag. Men han trur det er langt fram før dei nye metodane har utkonkurrert den tradisjonelle gyllevogna.

- På avsidesliggande gardar der luktplaga avgrensar seg til bøndene sjølve gjer nok kostnaden at dei ikkje investerer i nytt utstyr dei første åra. Derimot kan det vere eit alternativ der markene ligg nær bustadfelt og som i Førde, nær eit sjukehus.

Breimbønder med dyrt utstyr

DGI-gjødselspreiing

Sven Ove Bjørkelo demonstrerte DGI-spreiaren han og fleire andre Breimbønder har kjøpt inn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det dyraste utstyret som vart vist fram er såkalla DGI, der møka blir sprøyta ned i jorda. Nokre bønder på Breim har gått saman om å kjøpe slikt utstyr, og Arstein meiner det er einaste utvegen om ein skal skaffe seg noko slikt. Det kostar 450.000 kroner, men det er svært effektivt.

Blekksprut

Johan Vastveit i Agromiljø

Johan Vastveit i Agromiljø med stripespreiaren, også kalla blekkspruten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein rimelegare variant er ein stripespreiar, populært kalla blekksprut, til 125.000 kroner. men det er og ei stor investering for ein einskild bonde, seier Arve Arstein. Han meiner det kan vere eigna for landbruksentreprenørar som satsar på å spreide gjødsel for andre.

Blande inn kalk

Ein tredje metode som fungerte godt var spreiing av gjødsel fråp vanleg gyllevogn, men der det er blanda kalk i gjødsla. Det fører til mindre intens lukt. Men også dette kostar pengar, for kalken må kjøpast og fraktast frå Nordmøre, seier Arstein.