Hopp til innhold

Staten kan få igjen vedlikehaldet

Regjeringa vurderer om dei skal reversere konkurranseutsettinga av vegvedlikehaldet og danninga av Mesta.

Oljesøl i rundkøyring.
Foto: Ole-Morten Førde

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete seier dette skjer på bakgrunn av at vegvedlikehaldet har blitt dårlegare og dyrare.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Foto: MMS-foto: Oddleif Løset / NRK

Ho vil no ha ein full gjennomgang av systemet fordi det kan ha ført til fleire ulukker.

- Det er ganske alvorleg at talet på klagar veks såpass mykje. Eg var i Nordland på eit folkemøte, og der fortalte dei om tre dødsulukker som hadde skjedd medan ein venta på at vegen skulle bli strødd, seier ho.

- Auka kostnader

Dei siste åra har det vore stadig fleire klager på dårleg brøyting, salting og strøing av vegane, og generelt dårlegare vedlikehald.

Samstundes meiner regjeringa at kostnadene har auka. Statens Vegvesen har varsla at utgiftene vil gå opp med 70 til 80 prosent på grunn av at færre selskap legg inn anbod.

Skal evaluere

No vil Navarsete ha full gjennomgang av systemet kring anbodskontraktar, og vurderer også om det var fornuftig å danne giganten Mesta som er eit statleg eigd selskap med ansvar for vedlikehald.

- Difor set vi no i gang ei evaluering av utskillinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene frå Statens Vegvesen. Rett og slett gå gjennom alle element. Både kostnadselementa, og ikkje minst sjå korleis kvaliteten på vedlikehaldet har utvikla seg.

Høgre vil ha konkurranseutsetting

Øyvind Halleraker

Øyvind Halleraker

Foto: Knut Falch / Scanpix

Navarsete vil ikkje låse seg til noko endeleg syn no, men samferdslepolitikar Øyvind Halleraker frå Høgre meiner det vert feil å ikkje satse på konkurranse i vegsektoren.

- Eg oppfattar dette som eit ideologisk spørsmål. Vi har eit ansvar ovanfor skattebetalarar og andre som betalar til fellesskapet at vi forvaltar midlane på ein best mogleg måte. Ved denne organiseringa frigjorde vi mange 100 millionar. Og det er klart at det har vi kunne brukt til vegbygging og vedlikehald, og alt anna innan vegsektoren.