26.05.2012

Kamp om vindmøller

Vindmøller til havs. (NRK)

Sogn og Fjordane Energi meiner dei kan behalde satsinga på offshore vindkraft i fylket.

Vestlandsalliansen som eig Vestavind kraft på Sandane gjekk tidlegare i månaden inn for å opprette eit nytt selskap for offshore vindkraft i Bergen.

Styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, Arvid Lillehauge, meiner dei kan unngå ei flytting og vil kjempe mot at det skjer.

- Det vil bety veldig mykje for Sogn og Fjordane at her er eit selskap som kan ta hand om denne typen utvikling og aktivitet, seier han.

- Kan avverje flytting

Lillehauge meiner det trengst ei endring i vedtektene for å få til ei flytting. Det vil krevje to tredjedels fleirtal i styret.

- Vedtektene skil ikkje mellom at satsinga skal avgrense seg til på land. Sånn sett er det ikkje noko som seier at vi ikkje skal drive offshore, meiner Lillehauge.

Tre av eigarane i Vestavind er lokale kraftselskap. Styreleiarane i Sunnfjord energi og Sognekraft har signalisert at ei flytting til Bergen sit langt inne, men dei vil ikkje flagge noko endeleg syn. Dei tre selskapa kan dermed forhindre at ei utvikling av næringa forsvinn ut av fylket.

- Eg vil tru at dei tre eigarane i Sogn og Fjordane vil kunne einast om ein strategi, seier Lillehauge.

- For dårlege argument

Lillehauge meiner at argumentet om å flytte satsinga til Bergen på grunn av tilgang på kompetanse og kapital ikkje held vatn.

- At det er lettare å skaffe kvalifisert arbeidskraft der er udokumenterte påstandar. Ein kan ikkje flytte selskap ut frå det, meiner Lillehauge.