Hopp til innhold

- Som å tråkke eggerøre i rypereir

- Folk har sagt opp jobben fordi dei måtte drive med hijakt, hevdar WWF.

Avliva jervetispe og to ungar
Foto: SNO Aurland

Les og: - Jervejakt er ikkje vanleg jakt

- Hijakt etter ungar slik det skjer no bryt systematisk med alt av vanleg jaktetiske reglar i Norge. Dette er som å skyte rein på kalvingsplassen og slå i hel kalvane etterpå, eller å skyte rype eller storfugl og etterpå tråkke eggerøre av reiret, seier generalsekretær i Verdens Naturfond (WWF) i Norge.

- Er det rett å samanlikne dette med vanleg jakt?

- Det kan ein alltids diskutere. Det er likevel rett å likestille måten ein gjer det på. Desse dyra, altså jervane, har vel krav på den same etiske behandling som andre dyr i norsk fauna. Sjølv nokre oppfattar dei som skadedyr og ikkje ordentlige dyr, seier Hansson.

Har felt 11 jervar

Totalt er det felt 11 jervar i Indre Sogn denne våren . Blant desse er det fleire hiuttak, altså avlivingar der fellingspersonellet sporar opp jervehiet og avlivar tispa og dei nyfødde ungane hennar.

Les og: - Det er mykje meir jerv


Dette er i tråd med Stortinget sitt vedtak om at det ikkje skal vera ynglande jerv i Sogn og Fjordane. Noko som igjen betyr at dersom SNO finn eit jervehi, skal dei automatisk ta livet av tispa og ungane. Hansson hevdar denne jobben slit tungt på dei som utfører den.

- Folk har sagt opp jobben

- Dei venner seg vel til det som folk venner seg til andre ubehagelege ting. Men eg kjenner mange som jobbar i Statens Naturoppsyn som tykkjer dette er ein alldeles ufyseleg jobb. Men så lenge det er dette noko dei får beskjed om å gjere i jobben, så gjer dei vel det.
- Kjenner du til SNO-personell som slit med samvitet?
- Eg veit om folk som har slutta i Statens Naturoppsyn fordi dei måtte gjere dette.

- Kan du nemne nokon?

- Det får vere deira privatsak, seier Hansson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helikopter under jervejakt

Det vart nytta helikopter under den siste hijakta i Indre Sogn.

Foto: SNO Aurland

SNO avviser

Sjef for rovviltseksjonen i Statens Naturoppsyn, Kjartan Knutsen, avviser bestemt at det har skjedd at SNO-tilsette har sagt opp jobben sin på grunn av hijakt.

- Det kan eg avkrefte. Det er ingen som har slutta i Statens Naturoppsyn på grunn av dette.

Likevel stadfestar han at slik jakt kan vere ei påkjenning for dei som skal utføre den.
- Det er på mange måtar ei vemodig handling, men det er ein jobb som blir gjort i tråd med dei avvegingane som ligg bak vedtaket som er fatta, og då er det vår jobb å gjere dette tiltaket.
- Sjølv om det stikk litt i hjartet?
- Ja. I Staten vel ein ikkje kva ein ynskjer å gjere. Vi har klare retningslinjer på kva jobbar vi skal gjera.

- Smarte, små røvarar

- Det er fullt mogleg å jakte jerv som vanlege dyr. Det er vanskeleg fordi dei er nokre smarte, små røvarar, men hadde vanleg jaktetikk vore praktisert ville ein sagt at dette er vanskeleg jakt som vanlegvis tiltrekker seg dyktige jegerar. Då hadde ein jakta når ungane var store og uavhengige av mora, seier Hansson i WWF.
- Altså venta til utpå seinsommaren og teke dei utanfor hiet?
- Sjølvsagt. Det er det ein gjer med alle andre dyr i Norge.