Riksveg 13 blir Diktarvegen

Riksveg 13 frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane til Jæren i Rogaland skal få status som diktarveg.
Publisert 16.04.2009 15:38.
- Kommentarer
- Skriv ut
I to dagar har vestlendingar vore samla i Olav H. Hauge si heimbygd, Ulvik i Hardanger, til Diktarveg-konferanse. Vegen frå Sandnes i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss, Vik og til Moskog skal marknadsføre fem store diktarar. Frå nord til sør er det Arne Garborg, Rasmus Løland, Olav H. Hauge, Per Sivle og Jakob Sande som står som ryggraden til Diktarvegen.
Fyrste litteraturrute i Noreg
Målet til styringsgruppa er å etablere den fyrste litteraturruta i Noreg, og arbeidet til forfattarane skal synleggjerast på ulike stoppunkt langs ruta.
I Ryfylke har dei alt fått eit av dikta til Rasmus Løland plassert på ferja mellom Sand og Ropeid, og dei jobbar stadig med å finne nye stader der dei kan markere diktarane.
Lova støtte
På diktarvegkonferansen lova kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa langt på veg økonomisk støtte til litteraturruta. Mange meiner eit slikt prosjekt kan ha stor verdi for reiselivet i dei tre fylka som er involverte i prosjektet.
Marknadsføring av alle tre fylka
- Eg trur me vil kunne få mykje ut av dette samarbeidet, seier ordførar i Jakob Sande-kommunen, Fjaler, Arve Helle.
Helle vonar eit slikt prosjekt vil opne for moglegheiter til å marknadsføre på ein heilt anna måte enn ein kunne fått til på eiga hand.
- Det ligg an til å bli ei pakkeløysing der ein marknadsfører heile riksveg 13 og alle fem diktarane samstundes, seier Helle.
Siste: Sogn og Fjordane
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø