Hopp til innhold

Sparka og slo gravid kvinne

Dømd til samfunnsstraff etter å ha sparka og slått tre kvinner og for å ha kjøpt nesten eit kilo marihuana.

Det var i fjor at mannen i 20-åra frå Sunnfjord slo og sparka ei gravid kvinne han hadde hatt eit forhold til.

Den tiltalte hugsar ikkje kva som skjedde, men ut frå opplysningar frå fornærma saman med legeerklæring, så meiner retten at mannen har sparka ho i beinet og slege ho i hovud- og nakkeregionen.

Helga etter slo han til to venninner til denne kvinna då dei prøvde å avverje at han tok kontakt. Den eine kvinna vart slegen fleire gonger i andletet og den andre slik at ho fall i bakken. Dette tilstod han då han møtte i retten.

Henta marihuana

Mannen var også tiltalt for kjøp av narkotika. Han kjøpte og henta nesten eit kilo marihuana i Oslo. Men bilen han sat på i vart stoppa, og politiet fann marihuanaen under eit sete i bilen.

Retten har gjeve mannen strafferabatt for å ha tilstått forholdet og for å ha gjeve politiet opplysningar i saka om narkotikahandelen.

Eit tredje forhold han var tiltalt for, var for å ha brukt hasj jamnleg over ein toårs-periode.

Samfunnsstraff

Retten ser mest alvorleg på at han utførte vald mot ei gravid kvinne og for kjøpet av eit stort parti marihuana.

Samla sett meiner retten at forholda han var tiltalt for ville kvalifisere til fengsel i fire månader. Men Fjordane tingrett meiner at han kan dømmast til samfunnsstraff fordi han har fått orden på livet sitt.

Dermed må ha utføre 114 timar samfunnsnyttig teneste med ei gjennomføringstid på sju månader.