11.02.2012

Studium i geofare

Ras i Årdalsfjorden i 1983 (NRK)

På Høgskulen i Sogn og Fjordane - HSF - kan du no studere faren for skred, flodbølgjer og jordskjelv.

HSF tilbyr eit nytt studium som er kalla Geologi og geofare.

Fleire skred enn før

Klimaendringane har ført til hyppigare jord- og fjellskred, fleire stader på Vestlandet blir det fokusert på faren for flodbølgjer etter fjellskred.

Etterspurt kompetanse

Kommunane må gå grundigare til verks enn før når dei planlegg bustadfelt og vegar, og difor er det stor trong for folk med kompetanse på geologi.

Flodbølgja på Årdalstangen 18.8.-1983 (Foto: Kurt Johansen, eigar: Årdal kommune)

Dette fotoet vart teke frå rådhuset på Årdalstangen akkurat då flodbølgja slo inn på land 18. august 1983. Utruleg nok kom ingen til skade den gongen.

Foto: Kurt Johansen, eigar: Årdal kommune

Tre års studium

HSF har lenge hatt eit sterkt fagmiljø innan geologi, og endrar no studietilbodet sitt i takt med utviklinga. Geologi og geofare er eit bachelorstudium som går over tre år.

Skredseminar i Førde

Geologimiljøet ved HSF skal 11. mai vere med og arrangere eit fagseminar om overvaking og varsling av skred. Det skjer i Førde, og der blir mellom andre olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og direktør Agnar Aas i Norges Vassdrags- og energidirektorat med.