Hopp til innhold

Trudde sjølvmeldinga var aprilspøk

Då sjølvmeldinga datt i postkassen til Jens Brekke trudde han det var ein aprilspøk.

Jens Brekke
Foto: NRK

- Eg plar no alltid bli alvorleg når eg set meg ned med sjølvmeldinga, men dette vart berre rart, seier ein oppgitt Brekke.

23 språkfeil

Med 23 språkfeil i årets sjølvmelding hadde læraren frå Vik problem med å ta skatteetaten på alvor.

- Eg fekk sjølvmeldinga i posten rett etter fyrste april, men hadde ho kome den fyrste hadde eg trudd det var på tull. Det var bokmål og nynorsk om kvarandre, seier han.

Mellom anna siterer han: "Sjå starthjelpen til sjølvmeldinga for hvordan endre poster."

- Heilt sørgjeleg, seier Brekke.

- Flaut, seier skatteetaten

Informasjonsdirektør i Skatteetaten Lise Halvorsen er ikkje nøgd med dei grove språkfeila Brekke peikar på.

- Det er klart det er flaut. Me ynskjer jo at det me sender frå oss skal vere riktig på alle måtar, seier Halvorsen.

Ynskjer hjelp frå Brekke

Halvorsen oppmodar Brekke til å ta kontakt og hjelpe skatteetaten med å leite fram feila.

- Me kan gjera ein bytehandel. Viss dei gir meg litt mindre skatt skal eg hjelpa dei med rettskrivinga, foreslår Brekke.