Hopp til innhold

13-åringar rusa på kjøpesenter

Ungdom heilt ned i 13-årsalderen rusar seg på narkotika på kjøpesenteret Måløy Brygge i Måløy.

Måløy Brygge
Foto: Arild Nybø / NRK

På fredagskveldane kan det samle seg mellom 30 og 50 ungdommar inne på kjøpesenteret.

Dette får både butikkarbeidarar, foreldre og politi til å slå alarm, skriv Fjordenes Tidende.

- Redde for å gå på jobb

Senterleiar Victoria Juvik Øvstetun er svært bekymra over utviklinga.

- Det er ei veldig alvorleg sak. Vi har hatt problem på kveldar og i helger at ungdom har samla seg og det har vore støy og bråk. Til tider har tilsette vore redde for å gå på jobb. Difor har vi teke kontakt med politiet.

Knappe politiressursar

- Men lensmann Tormod Hvattum seier til avisa at dette kan vere eit resultat av at politiet har så knappe ressursar at dei har hatt lite tid til å vere ute og synlege blant folk. To av fem tilsette ved lensmannskontoret er ute i permisjon. Kva synest du om det?

- Bekymringsfullt

- Ja, det er bekymringsfullt at det ikkje er ressursar nok i politiet til den slags førebyggande arbeid. Men eg trur det vil kanskje hjelpe dersom vi rapporterer ofte nok om problemet. Då vil kanskje ressursane kome på plass. seier Victoria Juvik Øvstetun.