26.05.2012

- Politisk forgubbing i Sogn

- Det politiske miljøet i Indre Sogn er i ferd med å bli forgubba, meiner nærings- og utviklingssjef i Vik, Eivind Helleland.

Eivind Helleland  er redd for at dei gamle politikarane hemmar utviklinga både i sin eigen kommune og resten av regionen.

- Dei har vore med for lenge

Tysdag forsvarte Eivind Helleland det han karakteriserer som ei positiv utvikling i Vik, og avviste samtidig kritikken frå høgrepolitikar Leidulf Finden om at kommunen er sett heilt på sidelinja dei siste åra. Likevel så meiner nærings- og utviklingssjefen at debatten som Finden reiser er viktig. Og i den samanheng trur Helleland at utviklinga, både i eigen kommune og resten av regionen kunne vore endå betre dersom det hadde vore ei fornying av politikarane. Dei har rett og slett vore med for lenge, seier han.

- Det er vel ikkje nokon hemmelegheit verken hos oss, eller i resten av regionen, at her er nokon politikarar vi har sett ei stund.

- Torer ikkje rette opp feil

Helleland grunngjev utspelet sitt med at politikarar enkelte gonger er redde for å vedgå tidlegare feil. Det vil vere lettare å gjere endringar i Vik dersom ikkje dei same personane blir attvald ved kvart kommuneval, seier næringssjefen.

- Vi ser jo at eindel saker, som kanskje skulle ha vore gjort noko med, ikkje vert tekne opp til debatt fordi ein del politikarar møter seg sjølve i døra. Det er ikkje så lett å vedgå at noko ein gjorde for ti eller tolv år sidan ikkje var så lurt.

Politisk veteran er ueinig

Marta Finden Halset som er ei av dei som har vore med i politikken lengst i Vik er ueinig.

- Dette er oppegåande personar og deler ikkje synet til Helleland. Eg tykkjer vi skal slutte å prate om alder og kjønn og heller setje fokus på politisk dugleik.