26.05.2012

- For mykje skog langs vegane

- Stor tilvekst av skog langs vegane utgjer ein stor fare for hjort og bilistar i Botnane i Bremanger. Det meiner bussjåfør Audun Sande, og han ber no Vegvesenet om å rydde bort skogen. Han køyrde sjølv på to hjortar før helga.

Sande er fortvila over situasjonen på fylkesvegen i Botnane etter at skogen har grodd til heilt ut imot vegbana. No på vinteren trekk svært mykje hjort til dette området ved sjøen, og bussjåføren vil snarast ha vegvesenet til å rydde bort skogen. - Det er mykje hjort som overvintrar her, og når skogen veks til vert problemet større, seier han.

Viltforvaltar i Bremanger, Rune Indrehus, er samd i at skogen veks fram langs mange vegar og ber vegvesenet om snarleg rydding. - Sikten minskar langs vegane, og dyra kjem nærare vegen før ein oppdagar dei, seier han.

- Bra langs riksvegane

Avdelingsingeniør Jon Tenden i Statens vegvesen, Fjordane Distrikt, seier at dei vil ha ei synfaring i Botnane ,og at mykje blir gjort for å halde borte skogen langs vegane. - Langs riksvegane er det bra, men vi har ein del igjen på fylkesvegane, seier han.