Ekteparet Osa vart historiske

Rune og Oddfrid Osa får utmerkinga frå friidrettspresident Svein Arne Hansen.
Foto: Oddleif Løset/NRKEkteparet Rune og Oddfrid Osa fekk søndag Norsk Friidretts fortenestemedalje.
Publisert 29.03.2009 12:22.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det er første gang at eit ektepar får utmerkinga. Det skal også vere første gong at medaljen går til nokon frå Sogn og Fjordane for administrativ og organisatorisk innsats.
- Det er veldig, veldig fortjent, sa friidrettspresident Svein Arne Hansen då han delte ut medaljen.
Hansen rosa Osa
Utmerkinga er Norsk friidrett si høgaste utmerking. Hansen rosa ekteparet for årelang innsats for friidretten og friidrettsmiljøet i Florø. Osa står mellom anna bak både Florø Indoor Games, Florø friidrettsfestival og avviklinga av NM i Florø.
- Florø opplevde vel eit ver av det sjeldne desse dagane. Det einaste var at eg vart dusja då eg heldt opningstalen, lo Hansen under utdelinga.
- Gjer meg stolt
Eit samla sentralstyre står bak utdelinga.
- Eg har to medaljar. Ei lita og ei stor. Den vesle får du få, Rune, sa Hansen.
- Det gjer meg stolt. At vi som fyrste ektepar får ei slik utmerking. Det var også veldig overraskande, seier Rune Osa og får samtykkande nikk frå ektefellen Oddfrid.
Motivasjon
Ekteparet har i nær 20 år engasjert seg i friidretten. Medaljen motiverer til vidare satsing.
- Det er ein motivasjon å halde fram med det har gjort i ei årrekkje. Vi likar idretten veldig godt, og har det kjekt med ungdomane. Kjekt å sjå at dei får gode prestasjonar, seier Oddfrid Osa.
Siste: Sogn og Fjordane
- 3. plass til Haugsbø i ski-maraton
- Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
11/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
3. plass til Haugsbø i ski-maraton - Gjermundstad går til Hønefoss
- VC-siger til Fannemel i laghopp
- Flo rosar Mane for pasningsspel
- Venstre vil ta kvardagen tilbake
- Sogndal vann 4-1
- Dramatisk brann ved tunnel
- Ikkje øknonomisk vinst etter MGP
- Burde ha varsla betre om 'Dagmar'
- Bø håplaust langt bak på sprinten


















Brann i Vassbygdtunnelen