26.05.2012

- Han må ha ein dårleg dag

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune. (Foto: Privat)

Ordføraren i Lærdal fortørna over Arve Helle sitt sjukehus-utspel.

- Min gode partikollega kan ikkje ha nokon god dag i dag, seier ordførar i Lærdal, Arne Sanden (Ap), etter at Fjaler-ordførar Arve Helle i dag tok til orde for at Helse Førde på ny må få vurdere framtida til fødestova i Lærdal.

- For sterke bindingar

I dag sa Helle at regjeringa legg for sterke føringar på Helse Førde, som må få lov til å vurdere nedlegging av den forsterka fødestova i Lærdal.

Helseministeren har tidlegare sagt nei til ei nedlegging.


Les og diskuter: - Må få vurdere fødestova i Lærdal

Sanden fortørna


- Eg må berre seie at eg er rimeleg overraska, nær sagt fortørna, over at min gode kollega Helle kan koma med slike antydingar berre eit år etter at Sogn og Fjordane Arbeidarparti har godteke ein klar og tydeleg helsepolitikk der lokalsjukehus, akuttberedskap og fødeavdelingar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er omtala, seier Sanden.

- Men forstår du ikkje Helle som er uroa over at ambulansar blir kutta over heile fylket fordi Helse Førde har pengemangel?

- Det løyser ikkje problemet at me gjer helsetilbodet dårlegare i Sogn eller i Nordfjord. Det er ikkje på den måte me skal byggja landet, seier Sanden.